Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram. Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til - og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.
Les mer
Boka handlar om Regine Hansen som bur i Bergen, og jobbar som saksbehandlar i Aetat. Studietida er for lengst over, men ho strevar framleis med å finne seg ein plass i tilværet. Gjennom Regine får vi samtidig eit innblikk i liva og lagnadene til vennene hennar, og det folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Vennskap og einsemd, fellesskapets klaustrofobi, og lengselen etter å høyre til er viktige stikkord for handlinga. Forfattaren er debutant.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2012-10-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter