For 40 år sidan kom boka Lett traktering av Ingrid Espelid Hovig. Samlaget hyllar no heile landets matmor med å gje ut boka på nytt, akkurat slik ho såg ut i 1973, supplert med eit nyskrive forord av Andreas Viestad. Dette er ei bok som vil vekkje mange gode minne. Lett traktering var den andre kokeboka Ingrid Espelid Hovig gav ut. Då hadde ho allereie formidla mat i Fjernsynskjøkkenet i elleve år. Interessa for nye råvarer, nye retter og oppskrifter var stor. Boka inviterer til mimring om korleis det norske kjøkkenet var i ei tid då nye rettar kom til landet. Skal du traktera lett, kan du til dømes laga hane i vin, fiskegryte, laksesalat, svinerygg, bidos, lammegryte, risottoblåskjell i ratatouille eller høne på austerlandsk vis. Oppskriftene er framleis gode og enkle.
Les mer
Forord av Andreas Viestad

Produktdetaljer

ISBN
9788252184389
Publisert
2013-10-30
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
300 gr
Høyde
218 mm
Bredde
188 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
44

Forfatter
Illustratør