Ein sein haustkveld i 1957 forsvinn Bernhard Kråkvik sporlaust frå heimen sin i ei vestlandsbygd. Påfølgjande natt høyrest vill klokkeklang frå kapellet nær huset hans. Kyrkjetenar Karl Råde oppdagar neste dag at det er knytt ei rennelykkje på klokkereipet der. Den sakna kjem aldri til rette, men rykte om drap verserer i bygda. Etter å ha oppsøkt eit møte i pinserørsla blir dotter til den sakna borte i dei same traktene i 2009. Også denne gongen stormkimar klokka i kapellet. «Ikkje ein sporv til jorda» skildrar utfordrande etterforsking, religiøst grubleri og fanatisme, og tragiske familietilhøve. Arne Ruset er født i 1951 i Fjørå på Sunnmøre. Han bur i Molde, der han har arbeidd i mange år som psykiater. Han har skrive bøker i fleire sjangrar: lyrikk, barne bøker, noveller og romanar. Tildelt Norsk Litteraturkritikerlags barnebokpris i 1987 og Kulturdepartementets billedbokpris (saman med Anne Kristin Hagesæther) i 1999. I 2013 ga han ut novellesamlinga «Berg brest» til fantastiske kritikkar.
Les mer
«ein krim av beste sort [.] .Ikkje ein sporv til jorda. er ei bok det er vanskeleg å leggje frå seg før ho er ferdig lese . og som så ofte før med Ruset, er det også her ei overraskande løysing på mysteria»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788256024803
Publisert
2021-03-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Solum Bokvennen
Vekt
420 gr
Høyde
218 mm
Bredde
146 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
260

Forfatter