Telavåg, eit lite fiskevær fire mil vest for Bergen, var ein ynda stad for den illegale englandsfarten under andre verdskrig. I 1942 fekk tyskarane nyss i kva som gjekk føre seg der ute, og under ei ransaking i eit hus der to norske agentar oppheldt seg, vart to tyske offiserar drepne i ei skotveksling. Som hemn skulle bygda utslettast, alt vart jamna med jorda. Heile folket vart kollektivt tatt til fange og straffa, alle familiar skilde. Mange av menneska mista livet, absolutt alle mista det livet dei kjende. Det telavågfolket vart utsett for, vert definert som noko so sjeldan som statsterrorisme. Like fullt er ikkje historia svært kjent. Vivian Midttveit er sjølv frå Telavåg. Ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert i sin heimstad si unike historie då ho vaks opp. Ho kom fram til at dei nære, personlege historiene hadde vore sjeldne. I denne boka har ho samla enkelthistorier, dei små private augneblinka, og skrive dei ut som levande scenar. Alle historiene er basert på sanne opplevingar, men meir enn eit historisk prosjekt er dette altså eit kunstnarisk prosjekt, bygd på historiske hendingar. Sjølv om historia til Telavåg i seg sjølv er unik, er ikkje bodskapa i historiene det. Dei er allmenne. Dei treffer noko allment menneskeleg og strekker seg difor langt utover dei som har interesse for krigen generelt eller krigshendingane i Telavåg spesielt. «Dette er rørende, hjerteskjærende, sterke, håpefulle og tankevekkende historier og dikt. Det er rett og slett engasjerende lesning, spesielt med det bakteppet vi har nå av ny krig i Europa og i Gaza.» Jan Roger Stensland, redaktør
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269124323
Publisert
2024-04-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vivian Midttveit
Vekt
544 gr
Høyde
210 mm
Bredde
150 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
219

Forfatter