Malmanger prestegard i Rosendal har vore ein samlingsstad i bygda i hundrevis av år. Veggene har sett prestefolk koma og gå i generasjonar, gjester av alle slag har vorte tekne hand om, dagsaktuelle saker og historiske hendingar har vore drøfta. I denne boka får tre prestebarn fortelja om då dei voks opp på garden. Knut Gunnar Sellevold (f. 1948) og søskena Magne Medhus (f. 1939) og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen (f. 1943) minnest dagleglivet på prestegarden og i bygda rundt. Dei fortel om samfunnsendringar, krigen og kyrkjekampen der prestane la ned embeta sine. Dei har historiar om dei mange bygningane på garden, tre og vokstrar, kyrkjeliv, vitjingar og feiringar. Til saman er forteljingane ei kultur- og lokalhistorisk kjelde til livet på og rundt prestegarden under Malmangernuten.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269171037
Publisert
2021-11-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skimtvis
Vekt
732 gr
Høyde
247 mm
Bredde
175 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
173

Redaktør