«Jørn Øyrehagen Sunde er ein historisk formidlar i særklasse. ... spennande som ein god kriminalroman»

- Jan Nyberg, Bergens Tidende

«Viktig om brutal kvinneskjebne på 1700-talet … Lat oss like godt slå fast med det same: Denne boka er eit overflødigheitshorn!»

- Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.

Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?
    I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?
    Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788272019005
Publisert
2025-09-25
Utgiver
Kagge Forlag AS
Vekt
780 gr
Høyde
232 mm
Bredde
164 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
346
Sjanger
Faglitteratur