Forfattaren Rolf Sagen kjøper ein båt på Nordvestlandet, og i lag med den tidlegare sjømannen Artur legg han ut på ei ferd til Oslo, gjennom kjende og ukjende landskap, til eit nytt liv i hovudstaden. Meir enn nokon annan forfattar har Rolf Sagen klart å skildre det norske Vestlandet, ved hjelp av eit observerande blikk og ein vill fantasi. I den lyriske romanen M/S Liv, basert på ei loggbok frå sommaren 1970, møter den aldrande forfattaren seg sjølv i ung utgåve. Vi blir kjend med den unge Sagens poetiske og lakoniske måte å sjå verda på, og er med på oppdagingsreisa hans i eit landskap han seinare skal vere med på å forme. I skildringa hans verkar landskapet nytt - får liv, farge, ein faretruande undertone, og nokre gonger er det som om det går hòl på boksidene og vatnet strøymer ut. "Eit lite meisterverk. Det er rett og slett ei glede å lese." (Sindre Ekrheim, Bergens Tidende) "En liten loggbok blir til stor litteratur." (Brynjulf Jung Tjønn, VG, terning 5)
Les mer
Etterord av Erlend O. Nødtvedt
En liten loggbok blir til stor litteratur.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592099
Publisert
2014-02-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
100 gr
Høyde
182 mm
Bredde
125 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
74

Forfatter