Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss. Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte skriv Ottar Fyllingsnes fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Dette er boka for den som verkeleg har lyst til å kome under huda på den islandske kulturen og bli kjend med sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya. Skildringane strekkjer seg frå sagatida og fram til dagens internasjonale og moderne Reykjavík, der vi mellom anna får bli med til ein kjend pølsekiosk som har hatt Bill Clinton som kunde. Island er kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. I tillegg er landet ei kulturell stormakt, som har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til. Fyllingsnes dykkar med denne boka djupt ned i den islandske kulturen, politikken og naturen for å prøve å finne svaret på kvifor den vesle øya har ei slik magisk tiltrekkingskraft på oss.
Les mer
Det er særleg i dei intervjubaserte strekka ein får glede av Fyllingsnes som ein nysgjerrig og open forteljar.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593010
Publisert
2022-04-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1066 gr
Høyde
235 mm
Bredde
175 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
381

Forfatter
Bilder av