«Eg ville vere aleine på ein heilt usedvanleg og ny måte.» «Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn. Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda. Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar - ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Les mer
Ein sprell levande roman om den uvisse identiteten.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593263
Publisert
2020-11-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
259 gr
Høyde
185 mm
Bredde
129 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
213

Forfatter
Oversetter