«Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?» Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i? Olaug Nilssen blei fødd i Førde i 1977. Sidan romandebuten i 1998 har ho skrive i fleire sjangrar: romanar, dramatikk, essay, litteraturkritikk med meir. Nilssen hausta tidleg stor anerkjenning for bøkene sine, og i 2004 blei ho kåra til ein av dei fremste unge forfattarane i landet. For den sjølvbiografiske romanen Tung tids tale fekk ho mellom anna Brageprisen, og boka har blitt omsett til fleire språk. I 2019 fekk Olaug Nilssen Dobloug-prisen for forfattarskapen sin. Anne-Cath. Vestly blei fødd på Rena i 1920. Ho byrja karrieren sin i radioprogrammet «Barnetimen», og det var her ho fyrst fortalde historiene om mange av dei som seinare skulle bli romanpersonar, som Ole Aleksander Filibom-bom bom og Lillebror og Knerten. Vestly står fram som ein fornyar ikkje berre av barnelitteraturen i etterkrigstidas Noreg, men òg av kulturformidling og fjernsynsunderhalding for barn. Bøkene hennar er omsette til over 15 språk og selde i meir enn to millionar eksemplar. I tillegg til ein heil del litterære prisar har Anne-Cath. Vestly motteke Kulturrådets ærespris, Brages heiderspris og St. Olavs Orden.
Les mer
«Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?» Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279654353
Publisert
2020-02-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Nasjonalbiblioteket
Vekt
80 gr
Høyde
160 mm
Bredde
112 mm
Dybde
3 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
47

Forfatter