Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie - Helvetet, er teikna av Marcello Toninelli (f. 1950, Italia). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som fyrste bok i ein trilogi som fikk stor merksemd i Italia. Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualisera stoffet og bringa Dante nærare vår samtid. Teikneserien er omsett av Bodil Moss. Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel om omsetjingsprosessen. Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk til Marcello sin versjon av språket, og til slutt inn i Bodil Moss sin moderne nynorsk.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788292635018
Publisert
2009-06-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
TransFe:r forlag AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
99
Orginaltittel
Dante
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Oversetter