Han er omtalt som ein trollmann med kor og musikalsk eventyrar. Då han på 1970- og 80-talet innleidde korsamarbeid med Vårsøg og Ytre Suløens Jass-ensemble, førte det til kritikk, men også mange superlativ. Seinare er det blitt internasjonal musikkmiks på fleire kontinent. SKRUK-dirigent Per Oddvar Hildre, alias Prots, er i dag reisande i kultur førti veker i året. Mange tusen koristar har opplevd eit eller fleire av korseminara hans. Han er kjend i mange musikkmiljø . det vere seg i New Orleans, Beijing, Antananarivo, Lima eller Baku. I 1979 etablerte han Det Norske Kammerkor som lanserte barbershop på norsk og gjøgla rundt i Norge og utlandet med barbershopsongar for kor. Forfattar Stig Nilsson teiknar eit portrett av dirigenten, pedagogen og kulturmiksaren Prots. Møte med andre kulturar, dirigentrolla, musikk, song, tru og liv er blant tema som blir tatt opp.
Les mer
Eit portrett av dirigenten, musikaren og kulturarbeidaren Per Oddvar Hildre, alias Prots. Boka inneheld samtaler, både med PROTS sjølv, og med personar som kjenner han. Dirigenten er berømt både i Norge og internasjonalt, og forfattaren har fulgt han på kormiks i Peru, og på korseminar heime i Noreg. Kulturmøter, tru og liv, dirigentrolla, song og musikk er viktige tema. Har personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292804001
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Enter forl.
Vekt
770 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
240

Forfatter