"Fengselsprestens krig" er historia om pastor Bjarne Norheim sin krig og strid - under og rett etter andre verdenskrig. Under krigen er Bjarne Norheim (1905-1991) som kapellan i Eidskog og Lillehammer utsett for forfølging og forhøyr av nazi-politi og prost. Men han blir også boren fram av menigheit, konfirmantar og deira foreldre. Etter krigen er han fengselsprest for arresterte nazistar - på Lillehammer, Ilseng, Elverum og i Trysil. Han omtalar seg som "berre ein menig soldat". Som ein liten prest i den store krigen ser han kyrkja og fengselet frå innsida, slik det kjem fram i dagbok, notat og brev. Det er få lyspunkt. Men lyset fins der han minst ventar: Til nyttårs-andakten i Ilseng leir har to dømte nazistar måla eit bilde "som gjorde den enkle matsalen til noko av ein heilagdom", skriv Norheim i si dagbok. Det er "fredsengelen som med ei palmegrein i venstre hand skrid majestetisk fram frå ein mørk bakgrunn mot morgonggryet. Vegen han ferdast er dekt av rykande ruinar og sundskotne hus". Norheim blir gripen av måleriet, og må berre kjøpe det.
Les mer
Undertittel på omslaget: Dagboka til ein menig prest i Den norske kyrkja 1940-1948

Produktdetaljer

ISBN
9788292945841
Publisert
2022-01-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Svein Sandnes Bokforlag
Vekt
240 gr
Høyde
205 mm
Bredde
134 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
150

Forfatter