På rett veg med rettleiinga har som føremål å gi oversikt, innsikt og forståing som kan bidra til auka kvali tet i masterrettleiinga og anna fagleg rettleiing i profesjonsutdanningane. Tekstane byggjer på teori og erfaringar forfattarane har gjort i rettleiingsarbeid på ulike nivå i høgare utdanning. Boka er delt inn i tre hovuddelar. Første del set rettleiing inn i ein overordna utdanningskontekst. Den andre delen handlar om problemstillingar knytte til relasjonar, dialog og kommunikasjon. Del tre klargjer og drøftar rettleiingsmetodikk, roller, organisering og modellar for gjennomføring av rettleiing.Forfattarane representerer ulike undervisnings- og forskingsfelt i høg-skulesektoren. Fleire av dei har også røynsle frå arbeid i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. For dei fleste av skribentane er master rettleiing noko nytt, og eit landskap dei gjerne vil utforska. Kapitla er skrivne med utgangspunkt i tema som dei er særleg opptek-ne av. Det som er felles, er eit ønske om å få meir kunnskap om som-me av dei komplekse sidene ved rettleiingsarbeidet. Vi vonar antolo-gien kan vera eit bidrag til meiningsbryting og kunnskapsutvikling gjennom erfaringsdeling, diskusjon og kritikk. Vi trur at kapitla kan få fram problemstillingar og dilemma som det må forskast vidare på.]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215069227
Publisert
2024-03-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Vekt
430 gr
Høyde
245 mm
Bredde
174 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
217