Poesien til den greske Jannis Ritsos (1909-1990) går frå det politiske til det djupt personlege. Kommunistrørsla og poesien var dei drivande kreftene i livet hans, og fordi diktinga hans ofte hadde politisk karakter blei han forfølgd, internert og sett i husarrest. Først i 1974 blei Ritsos endeleg sett fri. Dikta i denne samlinga blei til i åra mellom 1957 og 1967 og er vitnesbyrd både om politiske og eksistensielle sanningar. Ritsos stansar ved ein observasjon eller ei hending og vrir på surrealistisk vis om på objektet slik at diktet får ei grenseoverskridande eller sprengande meining. Sjølv om vi kan spore den aktive politiske kampen i diktinga hans, er dikta hans så mykje meir. Dei målber ein kamp for livet vi alle lever. Det er første gong eit komplett verk av Ritsos blir gitt ut på norsk. Arve Brunvoll har gjendikta boka frå gresk, og har også skrive etterordet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252182248
Publisert
2014-09-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
296 gr
Høyde
210 mm
Bredde
140 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
168

Forfatter
Oversetter