Dialektar som skriftspråk i tre norske distrikt er ein jamførande studie av korleis dialektskribentar har gått fram når dei har skrive dialekten sin i tekster for vanlege folk. Dei tre distrikta er Gudbrandsdalen, Indre Hordaland (Voss og Hardanger) og Trøndelag. ...Hovudmålet med boka er å vise korleis skribentane balanserer mellom omsynet til sjølve dialektfonologien, som inneheld lydar og nyansar som alfabetet ikkje har bokstavar for, og omsynet til at det skal kunne lesas av folk som er vane med skriftbilda i bokmål og nynorsk og dermed kan ha tungt for å lese sin eigen dialekt. Dette opnar for mye kompromissing, og det er eit heilt spektrum frå skribentar som prøver å vere så dialekttrugne som råd til slike som går langt i retning av normalortografien for å gjere tekstene meir lettlesne. ...Boka inneheld langt på veg fullstendige oversyn over dialektskribentar og publiserte dialekttekster i dei tre distrikta. Skribentane blir presentert ein for ein og dei ortografiske strategiane deira analysert, og det blir gitt ei tekstprøve av kvar forfattar. Så blir den ortografiske behandlinga av dei ulike trekka i lydsystemet . tjukk l, palatale konsonantar, spesielle vokallydar, og mye meir - jamført innanfor heile forfattargruppa i kvart av distrikta. Til slutt blir det heile avslutta med ein oppsummerande konklusjon og ein rikhaldig bibliografi.
Les mer
Boka er ein jamførande studie av korleis dialektskribentar har gått fram når dei har skrive dialekten sin i tekstar for vanlege folk. Ho tar for seg forfattarar frå Trøndelag, Hardanger, Voss og Gudbrandsdalen, og ser på dei ortografiske problema dei har støtt på og kva slags språklege trekk som har prega tekstane. Har litteraturliste og forfattarregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270994007
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
319

Forfatter