Om fattigfolk frå Romania og eit forsøk på å gjere ein forskjell. Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bønn om hjelp. Tiggarar frå Romania blir karakteriserte som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar. Ukvemsorda om denne gruppa har hagla på nettet og i avisspaltene. Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe fattigfolk, særleg gateborn. Valland Nordli fortel si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Me blir kjende med fattigfolka som blei dei nære vennene hennar, og som har endra henne for livet. Valland Nordli minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med liv, draumar og historier som me i oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193855
Publisert
2017-04-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
277 gr
Høyde
198 mm
Bredde
138 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
179