Åtte forteljingar om barnefattigdom Andrea ligg vaken om natta og er redd for at mamma skal døy. Elias ser pappa klikka på dopseljarane som heng utanfor blokka der dei bur. Georg opnar vindauget, det er midt på natta og han vil rømma heimanfrå. Andrea, Elias og Georg har ein ting til felles: Dei er blant dei rundt 111 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. To til tre barn i ein vanleg skuleklasse er fattige. Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? Folka du møter i boka, er åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn - familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom. Dei fortel om den evige kampen for å mildna konsekvensane av fattigdom i eit land prega av overflod. Dette handlar om barna som bur trongare og i dårlegare husvêre, og som er meir utsette både for fysiske og psykiske sjukdommar. Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng. Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Perspektivet deira manglar på foreldremøta som konkluderer med at 100 kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. Forteljingane deira manglar når politikarane får gjennom kutt i trygda for å gjera det meir attraktivt å arbeida. Dei er fråverande når samfunnet blir bygd opp rundt kjernefamiliar med råd til å eiga eigen bustad. Dette er historiene deira. Maria Lavik (f. 1984) kjem frå Eksingedalen, men er busett i Oslo. Lavik er journalist og har blant anna arbeidd i Klassekampen og NRK. No er ho tilsett i Vårt Land.
Les mer
Denne boka om barnefattigdom burde vært gitt til alle på Stortinget. [...] Det er en sterk prestasjon av saksprosadebutant Maria Lavik å beskrive virkeligheten så godt og nyansert.

Produktdetaljer

Publisert
2021-08-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter