Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr. Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.
Les mer
"Vi får ei historisk og delvis ei geografisk oversikt over denne fuglens liv, og korleis ho lever i dag. Vi får også glimt av korleis ørna er forstått og bruk i politikk og kunst, religion og mytologi, og vi får flotte ørnebilete. Dette er ei kjekk og lærerik bok for alle som måtte vera opptekne med ørn, særleg havørn!"
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252199086
Publisert
2020-10-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
443 gr
Høyde
233 mm
Bredde
160 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
202

Forfatter