Omfattande framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet i 1840-åra til dagens digitale teknologi. Boka er gjennomillustrert i fargar. Dette er den første samla framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet på 1840-talet til dagens digitale teknologi. Boka følgjer utviklinga både når det gjeld teknikk og ulike sjangrar: frå portrett-, landskaps- og dokumentarisk fotografi på 1800-talet til reportasjefotografi, familiefotografi og kunstfotografi på 1900-talet. Forfattarane skildrar korleis fotografiet i løpet av denne perioden har fått ein stadig større plass både i det offentlege og det private rommet. I framstillinga blir fotografiet diskutert ut frå eit dobbelt perspektiv . ikkje berre som estetisk objekt, men også ut frå dei sosiale funksjonane det har hatt opp igjennom tidene. Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar, mediefagstudente og det fotointeresserte publikum.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2007

Produktdetaljer

Publisert
2019-08-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok