«Utanpåhanen oppførde seg fint, men innihanen bar seg stygt. Å sykle forbi godtfolk med eit slikt spetakkel på bagasjebæraren var lite lysteleg. Reint katastrofalt kunne det bli dersom gode nordmenn fekk snusen i at passasjeren var namnebroren til den illgjetne rikskanslaren i det tredje riket. Vi kunne bli snauklipte både eg og hanen.» Stryningen Arnold Sunde observerte livet frå ei spinkel gardintrapp, frå ein gråskimla badstovebenk og han observerte tyskarane under i krigen frå ein sykkel med «Hitler» på bagasjebrettet. Ut av dei kvardagslege observasjonane kom historiene. Med ein uvøren penn, ein god dose humor og blikk for dei små detaljane, meistra han kunsten å underhalde. I denne boka får du Sunde sitt skråblikk på eit heilt liv frå 1933 fram til 2016. Han hadde òg ein god strek og står bak illustrasjonane i boka.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401029
Publisert
2016-06-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
268
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør