Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.

- Knut Hoem, NRK

Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei? Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sambuaren og snikkaren Asle kjøper ho eit hus, eit uthus og nesten to mål jord i eit klyngetun. Her vil dei bu for alltid. Men klarar ho å finne ro? Siri Helle gjev seg sjølv eitt år. Eitt år på å finne ut om ho passar til dette livet, om ho kan seia seg nøgd med å ha flytta attende til heimbygda. Ho snikrar, dyrkar, jaktar, fiskar og skaffar seg to- og firbeinte venner. Og kjenslene spenner frå mørk fortviling til glimt av ekstatisk lukke. Dette er ei forteljing om ein heim og om arbeidsglede, men er også ei kjærleikshistorie. Det handlar om å vera to om det store prosjektet. Kva nye sjansar opnar seg når ein lukkar alle dører bortsett frå ei? Bli med til Trollefossvegen 23. «Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.» - Knut Hoem, NRK
Read more

Product details

ISBN
9788234008498
Published
2022-08-11
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
299 gr
Height
195 mm
Width
137 mm
Thickness
20 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
213
Genre
Faglitteratur

Author