Runde fyr frå 1767 med «bifyret» på Valderhaug frå 1772 kan reknast som den fjerde eldste fyrstasjonen i Noreg og den eldste nord om Stad. Breisundet, der byen Ålesund seinare kom, var ein viktig møtestad ved kysten. Her fekk gründeren Peter Friderich Koren løyve av kongen til å setje opp eit «Bluss-Fyhr» på Runde og ei «Søe-Lygt» på Valderhaug, begge «de Søfarende til Hielp og Tieneste».
Boka fortel historia om «fyring» gjennom 250 år, om skipsfart og forlis, losing og losliv, kartlegging og krig, Rundø tolldistrikt, fiskeri og hamneutbygging, telefon og vêrmeldingsteneste. Og ikkje minst om livet på fyrstasjonen og dei som levde og verka der - den siste familien flytta frå fyret i 1956. Dagens fyr på Kvalneset på fugleøya Runde er automatisert og avbemanna, og er eit turmål og ei turisthytte ytst mot havet.
Read more
Product details
ISBN
9788282401203
Published
2017-08-31
Edition
1. edition
Publisher
Selja Forlag AS
Height
270 mm
Width
218 mm
Thickness
15 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
136
Genre
Faglitteratur
Author