Dikta i Bilydarfortel ei kjærleikshistorie som rommar fleire kjærleikar, fleire kroppar. Dei er merka på kvart sitt vis, og dei er i trefningar på mange slags plassar - like gjerne ei lauvhytte som ein benk som ein hardcorekonsert. Den gjensidige utforskinga som tek til når to menneske rører ved kvarandre, blir til eit stort landskap. Dei klangfulle og spørjande dikta til Marianne Clementine ligg tett opp til musikken. "Dikta kommuniserer direkte og har uventa og originale metaforar ... Tonen er ofte humoristisk med sjølvironi og ordspel. Det gjer dikta lette å like. At temaet utfordrar oss, får oss til å dikte vidare, er eit anna teikn på kvalitet. Og sjølv om Clementine undervegs reflekterer rundt eigen skriveprosess, blir dikta aldri tørre og akademiske. Dei luktarikkje av papir, men av søt livsglede og vonde erfaringar, modig latter og sår hud" TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID Marianne Clementine er fødd i 1987 og bur i Oslo. Diktsamlinga Bilydar er hennar første bok.
Read more
Forfatterens fulle navn er Marianne Clementine Håheim. Sidetall hentet fra første trykte utgave
Product details
ISBN
9788249511013
Published
2012-08-07
Edition
1. edition
Publisher
Forlaget Oktober AS
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Number of pages
60
Genre
Skjønnlitteratur
Author