Det beste frå Noregs mest hårreisande lyrikarhelt. Jon Hjørnevik er ein av Noregs artigaste og merkelegaste tekstforfattarar. Han debuterte med den humoristiske diktsamlinga "I ein sofa frå Korea" i 2001 og har sidan halde fram med å skrive dikt om usikkerheit, tabbar og triste opplevingar, men også om kjærleik, draumar og glede. Dikta hans er ei salig blanding av skjemt og alvor, underbuksehumor og skakke enderim. Forfattar Thorvald Steen har omtala han som «vår tids Rabelais», Are Kalvø kallar han «Noregs mest hårreisande lyrikarhelt», andre har titulert han som «Arne Hjeltnes sin onde fetter». Til saman har Hjørnevik gitt ut 11 diktsamlingar. Her har han samla 69 av dei «beste» dikta. Til skrekk og glede for oss alle.
Read more
"Dei 69 største dikta gjennom tidene. For min del!" - Omslaget

Product details

ISBN
9788234000737
Published
2019-09-23
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
219 gr
Height
215 mm
Width
155 mm
Thickness
10 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
77
Genre
Skjønnlitteratur