Prins Henrik, den vordande heltekongen Henrik den femte, er hovudperson i dramaet, ikkje far hans som stykket var oppkalt etter. Vi følgjer ein ung mann sitt syndefall, omvending, forbetring og oppreising. I første akt møter vi prinsen i dårleg selskap, saman med Sir John Falstaff, samtaleemna er ran, stjålne pengepungar, krojenter og galgar. Men i striden med opprøraren Henry Percey - Bråfyk - syner prinsen heltemot, og er dyktig med vapen. Charles Swinburne samanlikna Falstaff med Sancho Panza hos Cervantes og Panurge hos Rabelais. Falstaff er ein narr og ein bajas, språket hans er ein særeigen, rik blanding av høgt og lågt. "Berre nokre ganske få karakterer i verdslitteraturen er så levande til stades som Falstaff, slik sett er han Hamlet sin rival hos Shakespeare" Harold Bloom
Read more
Product details
ISBN
9788249505401
Published
2008-11-14
Edition
1. edition
Publisher
Forlaget Oktober AS
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
155
Original title
Henry IV
Genre
Skjønnlitteratur
Author
Translated by