Harold Pinter (f.1930) livnærte seg som turnerande skodespelar i ungdommen, og blei i 1957 spurt om han kunne skrive eit stykke som eit studentteater i så fall skulle setje opp veka etter. Pinter gjekk i gang, og på fire dagar skreiv han The Room. Og med det rommet, der ei dør fører ut til ei fiendtleg og farleg veg, er ein av dei grunnleggjande dramatiske situasjonane i Pinters forfattarskap etablert. Harold Pinter har sidan skrive ei lang rekke stykke, dei fleste ganske korte, og noko av det som imponerer mest med forfattarskapen er den konsekvens, den stadige variering av det same, eller om ein vil, den mangel på fornying, som lar seg følgje i stykka hans, til dømes i Landskap, Stille, Natt (frå rundt 1970) og i Ingenmannsland (1975), fram til Av jord er du komen (1996).
Read more

Product details

ISBN
9788252157253
Published
2001
Edition
1. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet
Weight
295 gr
Height
188 mm
Width
115 mm
Thickness
21 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
295
Original title
The dumb waiter
Genre
Skjønnlitteratur