ØV OG LES 1- 4 er fire lesehefte til å øve opp lesedugleik.
Hefta kan nyttast etter at den første bokstavinnlæringa er gjennomført. Lesedugleik blir innøvd ved hjelp av å lese stavingar i ord og å legge vekt på meininga i ord og tekst.
Elevar som har vanskar med å lære å lese ved hjelp av tradisjonelle lesemetodar som språklydssyntese og ordbildemetoden, kan ha nytte av lesemetoden i Øv og les. Det kan ofte vere nyttig å skifte lesemetode til ein stavingslesingsstrategi framfor å fortsette med den lesemetoden som eleven ikkje har lukkast med tidlegare. Born, ungdom og vaksne med lese- og skrivevanskar på grunn av svikt i korttidsminnet, og vaksne som skal lære seg å lese norsk, kan og ha nytte av lesemetoden i dei fire hefta. Det er ein progresjon i stavingslesingsmetoden frå ØV OG LES 1 til ØV OG LES 4.
I ØV OG LES 4 skal eleven først lese lange, vanskelege ord ved hjelp av stavingsmetoden. Deretter skal eleven lese ein enkel, samanhengande tekst der dei vanskelege orda inngår.
Read more
Product details
ISBN
9788269243178
Published
2022-12-05
Edition
1. edition
Publisher
Aud Selnes
Age
Spesialundervisning
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Number of pages
64
Original title
Øv og les 4
Genre
Skolebøker
Author
Illustrated by