GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Samfunnskunnskap gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne i GRIP 3 Samfunnskunnskap er: samfunn, styresett, demokrati, diktatur, fordommar, integrering, forbrukarsamfunnet, kjærleik, seksualitet og samliv, rusmiddel, kriminalitet og straff, FN, norsk økonomi og globalisering. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 3 Samfunnskunnskap som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjingar til morsmålet. I lærarrettleiinga finn læraren supplerande oppgåvemateriell til nedlasting, dessutan tips til undervisninga. Forfattaren Ingrid Værum Larsen har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har jobba med faga norsk, samfunnsfag og engelsk på grunnskule for vaksne og med norskopplæring for spor 1-elevar. Værum Larsen er for tida knytt til Johannes Læringssenter i Stavanger.
Read more
På omslaget: På lett norsk

Product details

ISBN
9788211026156
Published
2017-12-12
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Weight
569 gr
Height
275 mm
Width
195 mm
Thickness
12 mm
Age
Fremmedspråklige voksne
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
154
Original title
Grip 3
Genre
Skolebøker