Programfag til val består av elevbok, lærarrettleiing og nettressursar. Elevane får ei oversikt over dei aktuelle utdanningsprogramma og får innblikk i innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som er typiske for dei. Det er gjort utførleg greie for ulike studiealternativ vidare og for moglege yrke. I tillegg kjem digitale planleggingsverktøy, omfattande bruk av visualisering, interesse-, utdannings- og yrkestestar og presentasjonar og tilrettelegging på elevane sine premissar. Det er eit vesentleg poeng at IKT blir mykje nytta i Programfag til val. I tett samarbeid med det danske Studie- og Erhvervsforlaget som er leiande på dette feltet i Danmark, har vi utvikla ein omfattande nettressurs på www.ptv-pakken.no, som mellom anna består av: elevfokuserte presentasjonar av utdanningsprogramma på vidaregåande skole, gjennomgang av over 500 yrke i samband med dei ulike utdanningsprogramma, over 4000 bilete og 100 videoar frå skole og arbeidsliv, internasjonalt godkjende interessetestar på området yrkes- og utdanningsval, digitale verktøy til bruk i karriereplanlegging og elevsamtalar.
Read more
Product details
ISBN
9788279970941
Published
2007-11-30
Edition
1. edition
Publisher
Læremiddelforlaget - Skagerrak Forlag AS
Weight
370 gr
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Number of pages
95
Original title
Programfag til valg
Genre
Skolebøker
Illustrated by