Eksperten sine utvalde favorittar. Visste du at sider er Noregs svar på champagne? Ifølgje utanlandske kjennarar er Noreg eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. I denne boka tek siderekspert Thomas Digervold deg med på eit djupdykk i det flytande gullet. Han har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein lettlesen snarveg til kjenneteikn på ulike eple, siderkategoriar og siderregionane frå aust til vest. Digervold gir deg dessutan ei grundig innføring i kva for sidertypar som høver til ulike råvarer. Som avslutning serverer han eit knippe eksklusive oppskrifter på mat og drinkar der sideren er sjølve stjerna. Med denne boka får du ein av Noregs fremste siderkjennarar på heimebesøk. Når du har lese ferdig, har han lært deg korleis du kan bruke kortreiste bobler av internasjonal kvalitet til alt frå fredagstaco og reker, til velkomstdrink og som følgje til fleirretters bryllaupsmiddag. Ja, og kva for sider som eignar seg om du vil drikke litt større mengder, og som du kan vinne heile festen med!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234010705
Publisert
2023-03-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
716 gr
Høyde
257 mm
Bredde
206 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
168

Forfatter