Alle har sett seg inn i ein taxi, men det er ikkje alle som har sett seg inn i førarsetet. I denne elleville boka fortel komikarane Hans Morten Hansen og Terje Torkildsen artige historier frå åra dei jobba som taxisjåførar i stavangerområdet. Her finn du forteljingar om passasjerar og sjåførar, kyllingar og tullingar, vorspiel og nachspiel, utroskap og kameratskap. Kanskje er du ein av dei som sit i baksetet?
Hans Morten Hansen (f. 1964) er ein av våre aller beste standupkomikarar, og har vunne komiprisen som beste standupartist i både 2010 og 2012. I august 2010 sette han også verdsrekord i standup etter eit show som varte i over 38 timar.
Terje Torkildsen (f. 1971) er komikar, skodespelar og forfattar. Han er den einaste som har vunne Uprisen to gonger; for ungdomsromanane Marki Marco i 2009 og Dystopia III i 2012.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788282332217
Publisert
2013-09-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Commentum
Vekt
315 gr
Høyde
221 mm
Bredde
159 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
88
Sjanger
Skjønnlitteratur
Illustratør