Denne boka handlar om korleis ein kan drive empiriske forskingsprosjekt retta mot meiningsfull samhandling mellom menneske på ein heilskapleg måte. Slike forskingsfelt finn vi først og fremst i konkrete situasjonar i dagleglivet, anten dette er i yrkeslivet, klasserommet, familien eller i fritida. Boka presenterer både empiriske forskingsprosjekt og meir overordna perspektiv, i hovudsak henta frå fenomenologisk basert teori om livsverda (Lebenswelt), men òg frå Vygotskij-inspirert sosiokulturell teori. Dette er ein del av det som vert kalla kvardagslivsforsking. Med fenomenologi i denne samanhengen tenkjer ein ikkje på ein spesiell empirisk metode, men på fenomenologi som ei tilnærming og som grunnlagstenking i human- og sosialvitskapane. Kvart kapittel illustrerer ulike sider ved denne tilnærminga og peikar på kva stø ein kan få av henne i alle vitskapar som ikkje er naturvitskapar, men kulturvitskapar. Det er særleg den fenomenologiske baserte sosiologien i tradisjonen etter Husserl som er presentert og drøfta, mellom anna med omsette artiklar av sentrale forfattarar innan kunnskapssosiologien (Alfred Schütz og Thomas Luckmann). Forfattarane vender seg i første rekkje til dei som ønskjer å forske empirisk innanfor humaniora og samfunnsfag (kulturvitskapane), både på master- og doktorgradsnivå, men etablerte forskarar vil vonleg òg finne utfordringar, nye idear og inspirasjon.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251927222
Publisert
2012-06-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
546 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
283
Sjanger
Faglitteratur