"Den lengste historia" er fortellinga om korleis Rogaland vart vårt, frå det første mennesket gjekk i land på Rennesøy og fram til dei pestane me kallar Svartedauen slo folket ned for fote. I løpet av denne perioden, frå 10 000 før Kristus til midt på 1300-talet, hadde folket her søkt ly inne i Svarthola på Viste, bygt ein landsby på Forsandmoen, ført dronningar i haug både på Klepp og Gausel . og dei hadde . med Sigurd Jorsalfars hjelp . reist ein katedral inst i den vågen som hadde fått namnet Stafangr. Gjennom eit unikt samarbeid mellom Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) og Stavanger Aftenblad har Tor Obrestad fortalt det forskarane i dag veit om vår eldste tid her i Norges sørvesthjørne mot verda som ei lang historie . den lengste historia. Han har fått tilgang til all.den nye viten som er samla dei siste 20-25 åra. Teiknaren Eva Gjerde har på meistarleg vis gjenskapt scenene frå det tidlegaste livet i det som blei rygenes fylke. I tillegg inneheld boka ei lang rekke korte, populærvitskaplege artiklar frå medarbeidarane ved AmS, som utdjupar og kastar lys over dei faktiske opplysningane i Obrestads tekst.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788291370880
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Wigestrand
Vekt
870 gr
Høyde
202 mm
Bredde
276 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
166
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør