Pa øya Vigra, ytst i havgapet pa sunnmørskysten, ligg Grava-garden. I 1815 kom eit ungt par fra ei fjordbygd seglande ut hit for a ta over garden. Kva var det som venta dei? Gardane her ute var lettdrivne, havet var fiskerikt, men farvatna stygge. Stormane hadde tatt mange liv.
I Det vi forlet følgjer vi menneska pa garden gjennom fem generasjonar. Folket pa øya levde som tradisjonelle fiskarbønder til langt inn pa 1900-talet. Etter kvart som tidene endra seg, fann dei seg nye matar a skaffe seg inntekt pa, som oppdrett av pelsdyr og tulipandyrking.
Gjennom dagbøker, brev og historiske kjelder teiknar boka eit levande bilete av ein kystgard fra 1800-talet
og fram til etterkrigstida. Vi far sja korleis store samfunnsendringar – fra vekking og frahaldsrørsle til modernisering og velferdsstat – nådde øya ved storhavet og prega kvardagen og tenkesettet til folket der.
Dei gamle gardshusa star tomme no, men minna om livet før lever vidare.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269265149
Publisert
2026-05-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Solveig Bendixen
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
225
Sjanger
Faglitteratur