Einar Møllerhaug hadde ekstreme erfaringar som krigsseglar. Kvar natt etter krigen låg tre rullingsar klare til han vakna av dei unge gutane som skreik «mamma», «pappa» og «Jesus» i flammehavet utanføre Nordkapp, då Hitlers «Scharnhorst» gjekk ned. Einar Møllerhaug var òg blant dei første som nådde franske strender på D-dagen. Og han hadde heile 20 turar i konvoi til Murmansk. Kvar slik konvoi var det Churchill kalla «the worst journey in the world». Det var først mot slutten av livet han opna seg, og då var det særleg for barnebarnet, Nicholas. Trygt styrt av kona, Alfhild, fortalde Einar om livet sitt under krigen. Det er ei sterk og oppsiktsvekkande historie som kjem fram. Etter at farfaren gjekk bort, fortsette Nicholas å samle vitnesbyrd og leite i arkiv og andre kjelder.
Les mer
Ei thriller-liknande forteljing om kva farfar opplevde som krigssiglar . lesaren kjem tett på nervepirrande krigshendingar . boka kan lesast som eit forsøk på å finne ut kva farfar gjekk og bar på, som han sleit med å finne ord for . Detektivforteljinga om jakta på kjelder vekslar nemleg med ei thriller-liknande forteljing om kva farfar opplevde dei åra han var til sjøs.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-04-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok