Ytst mot det opne havet i fjord- og havkommunen Bremanger, ligg den fjellendte og knudrete, men på same tid grøne og frodige øya Frøya. Vestsida er vêrhard, men på sørsida - land som eingong var dekt av havet - møter vi flatt og frodig jordbruksland. Og her, på Frøyalandet, ein dryg kilometer aust for det gamle fisk.eværet Kalvåg, vart det bygd ny kyrkje i 1865. Kalvåg var på den tid eit veksande sentrum der fiskarar frå fjern og nær årvisst samla seg. Gam-lekyrkja låg på Grotle, lenger nord, og det var ein hard strid om flyt.ting av kyrkjestad. Målaren Anders Askevold var arkitekt for kyrkja, og måla altertavla. Få år seinare vart den endå meir kjende målaren Nikolai Astrup fødd i prestegarden på Frøya, der far hans var prest. Boka fortel både om kyrkja, prestegarden, prestane, og om bruken av kyrkja i kvardag og fest. Her er også fyldig informasjon om bede.huset, barne- og ungdomsarbeidet, losjane og musikklivet knytt til Frøya kyrkje.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400985
Publisert
2015-11-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
136
Sjanger
Faglitteratur