Erdalen sett frå setrevegen. Greidung er garden nærast, i det gule huset vaks forfattaren opp. Bjarne Greidung (f. 1935) har skrive om livet i bygda Oppstryn slik det var i dei dagar han vaks opp og før. Her er alvor og humor i lett blanding. Sitat frå kapitlet om skulen: Samlivslære var vi vel verna for på skulen. Det næraste vi kom det, var vel ein time i naturfag. Der hadde vi om våre ville dyr, og var her komne til haren. Sitat frå læreboka: «Haren har mange fiendar, og hadde det ikkje vore av det at han økslar seg så fort, så er det fare for at han hadde vorte utrydda. Men haren har særs lange bakbein, og det gjer at han kan springe lett i frå, til dømes ein rev.» Sitat slutt. Då var det at læraren kom med det uanstendige spørsmålet: «Er det nokon som veit kva å øksla seg er for noko?» Ein på bakarste pult visste det og var snar opp med handa: «Dæ æ å ha långe bakføte!»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230030059
Publisert
2026-01-20
Utgiver
Kolofon Forlag AS
Vekt
542 gr
Høyde
247 mm
Bredde
179 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
156
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter