Sund på søre Sotra - slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå ein song av Johannes Kleppevik. Sund var tidlegare eit øy- og kyst samfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gards-bruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og sørvis- og kulturtilbod. Band 1-5 i dette bokverket, utgjevne i åra 2012-16, er gards- og slektssoger for alle matrikkelgardane i kommunen. Det sjette bandet, som du no har i handa, er kultursoga. Ho fortel historia om Sund heilt frå slutten av den siste istida og fram til kommunesamanslåinga i 2020. Her kan ein lesa om korleis menneska levde i steinalderen, og om gards-samfunnet som vart til i jernalderen. Ved overgangen frå vikingtida til mellomalderen vann ein ny religion, kristendomen, fotfeste, og dei første riks-kongane begynte å byggja opp statsmakta med rettsstell og forsvar. Svartedauden midt på 1300-talet var ein katastrofe, med stort folketap og mange øydegardar. På 1600-talet får me for første gong kjelder som fører oss tett inn på sundsokningane. Me møter dei i kvardag og fest, i ?skebåten, på byferd, i arbeid på garden, i tingstova og på kyrkje-veg. Ved midten av 1700-talet vart skulestellet og fattigvesenet organisert.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299980739
Publisert
2019-12-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sund kommune
Vekt
2598 gr
Høyde
285 mm
Bredde
220 mm
Dybde
45 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
670

Forfatter