Asbjørn Aarnes - einsynt brukar av riksmålet, preses i seksten år i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur - har skrive ei bok på ramaste nynorsk. Har noko hendt han? Det går fram av tittelen at han har vore ute for noko som han sjølv ikkje skynar. Då Dag og Tid vende seg til han, fortel han at det var som det gjekk hol på ei tunne; det rann ut dag og natt og ville ingen ende taka. "Med sansene vendt mot syd", seier Claes Gill i eit dikt. Aarnes har vendt dei mot nord. Dei skarpe tilstandsbilæta og dei dramatiserte samtalane millom personane i boka er som skorne ut or den norrøne sogeveven. Lesaren spør seg: Hugsar han ordrett det som vart sagt, eller set han i scene fritt etter minnet? Ein skal ikkje gløyma at forteljaren debuterte som dramatikar i ungdomen. Eit langt liv har sceneduken vore nede. Er det no gått opp for siste akt i eit sorg-muntert spel med heimekjende og framande aktørar? Har han vorte bergteken - eller er han komen heim?
Les mer
Forfattaren skriv personleg om menneske han har møtt, og hendingar han har vore ute for gjennom livet. Forteljingane handlar om oppveksten på Nordmøre, der motsetnaden mellom bedehusfolk og frilynte er et gjennomgåande motiv, til dømes i Spardama. Han fortel frå studietida i Oslo, og frå det akademiske miljøet i Frankrike og Noreg, og møte med personar som Henri Gouthier, Jean Wahl, Hans Skjervheim og Erik Egeland. Boka er basert på artiklar i vekeavisa Dag og Tid.
Les mer
Etterord av Johannes Gjerdåker

Produktdetaljer

ISBN
9788279900597
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vidarforlaget
Vekt
275 gr
Høyde
177 mm
Bredde
128 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
190

Forfatter