Nils Rune Langeland gjør svimlende bevegelser fra Jesus til postkolonialismen. (...) Noe av det mest særegne ved boken er det språklige og formmessige, som det åpenbart er lagt mye arbeid i.

- Marius M. Kjølstad, Klassekampen

«Kvar den som er av sanning, høyrer mi røyst», seier Jesus. «Kva er sanning?» svarar Pontius Pilatus. Som vi veit, sigra Jesus Kristus på krossen i det romerske imperiet. Er suverenitet personleg som hjå Jesus? At ein i eitt einaste blikk, med eitt einaste ord, kan oppheve heile samfunnsordenen?   Politisk teologi handlar om evna til å vere diktator. Tanken om eit suverent diktatur ubunde av juridiske fullmakter oppstår for alvor i mellomkrigstida. Carl Schmitt, som var Hitlers «kronjurist», hevdar dette synet. Hans Kelsen tek det motsette synet og vil kvitte seg med suvereniteten, den til folket òg, som han meinte førde til imperialisme og krig. Han inntek Pilatus’ posisjon. Denne boka fylgjer dei båe.   Personleg suverenitet var heilt avgjerande for både USAs og Vestens erobring av verda. Som antiimperialistisk motstand oppstod ein ny personleg suverén i form av partisanen. Denne verdssoga råmar inn striden mellom Schmitt og Kelsen i boka.   Nils Rune Langeland (f. 1964) er historikar. Han har skrive Siste Ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1905, essaysamlingane Kveldseta og Noreg, forutan reiseskildringane Europa. Ei krossferd og Frihetens grense. En reise langs Natos nye frontlinje.
Les mer
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen

Produktdetaljer

ISBN
9788293934486
Publisert
2026-04-10
Utgiver
Existenz forlag AS
Vekt
795 gr
Høyde
217 mm
Bredde
145 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
570
Sjanger
Faglitteratur