Jon Fosse sine tekstar er godt eigna både til konsentrert stillelesing, aktiv utforsking og framføringar på skulescenar. Urøynde lesarar blir fanga av korte tekstar som overraskar, røynde lesarar finn nytt å bryne seg på. Dei relativt små tekstane i ulike sjangrar passar særleg godt til klasseromsbruk og opnar for variert didaktisk tilrettelegging og individuell tilpassing av undervisninga. Lesing av utfordrande tekstar i skulen er eit aktuelt vitskapsfelt i litteraturdidaktikken. Med grunnlag i oppdatert forsking bidrar denne fagfellevurderte antologien med ny innsikt om Jon Fosses ulike sjangrar og bruken av desse i skulen. Boka er skriven for lærarstudentar både på grunn- og vidareutdanninga og har eit gjennomgåande didaktisk perspektiv. Dag Skarstein er førsteamanuensis i norsk og Inger Vederhus er førstelektor i norsk ved OsloMet - Storbyuniversitetet. Dei er begge tilsett ved lærarutdanninga.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2020

Produktdetaljer

Publisert
2020-04-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok