EIGEDOMSTEORI I DAGENS SAMFUNNSFAG er sterkt påverka av økonomisk tenking. Framveksten av den institusjonelle tenkinga omkring økonomisk verksemd på 1960-talet og utover la grunnlaget for dagens syn på eigedomsinstitusjonen, ikkje berre innan økonomi, men også innan statsvitskap, sosiologi, antropologi, rettsvitskap og filosofi. Eigedomsrett til fast eigedom – jord, skog, fjell og vatn – er kjernen i denne boka. Men for å skjøne breidda i eigedomsinstitusjonen er det verd å hugse at eigedom eksisterer der vi finn legitime reglar for konkret tileigning av ein del av røyndomen. I moderne tid har tanken om individuell eigedomsrett blitt freista utvida med til dømes retten til å ut øve ein profesjon. Slike diskusjonar illustrerer korleis måten ein tenkjer om individuelle rettar og plikter på, vert ein sentral del av eigedomsinstitusjonen. I eigedomsfaget treng vi teoritilfang frå dei ulike samfunnsvitskapelege fagområda for å forstå eigedomsretten og eigedomsforholda, og for å kunne handle fornuftig som profesjonelle fagpersonar. I boka koplar vi eigedomsteorien til jordskifte, grunnerverv og arealplanlegging. Det er lagt stor vekt på å presentere og drøfte viktige omgrep og samanhengar mellom omgrep. Boka er relevant for dei som studerer eigedomsfag.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293816805
Publisert
2025-02-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Karnov Group
Vekt
536 gr
Høyde
245 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
194
Sjanger
Faglitteratur