I denne boka frå 2010 gjer forfattaren greie for omfanget av strandeigaren sine private rettar utanfor den allmenne eigedomsgrensa, og tilhøvet mellom desse rettane og utnyttingsmåtar basert på offentleg løyve. Aktuell bruk av kystnært område i dag er til dømes: - akvakultur - vindkraft - bølgjekraft - småbåtanlegg - turisme - friluftsliv Det er lang tradisjon i Noreg for at den som eig strandlinja, også eig eit stykke utover i sjøen. I tillegg til einerett til å utnytte sjøområdet ut til marbakken, har strandeigaren rett til einskilde særskilte utnyttingsmåtar slik som: - utfyllingsrett - tilflotsrett - rett til laksefiske - rett til utsikt - vern mot støy I boka lanserer forfattaren eit rettsleg prinsipp om «open kyst» som kan nyttast som eit alternativ til prinsippet om allmenn handlefridom og «fritt hav». Eit prinsipp om «open kyst» samlar verdiar som bør ha vekt når ein avgjer rettsspørsmål som gjeld kystsona, som t.d. allmenn ferdsle, fiske og friluftsliv, tilflotsrett, laksefiskerett og rett til sjøutsikt.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2010

Produktdetaljer

Publisert
2021-03-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok