Der barna er, der er leiken. Leiken er viktig i seg sjølv, og leiken
er viktig for identitetsutvikling, motivasjon, livsglede, trivsel,
språklæring og språkutvikling. Det er gode grunnar til å gi leiken
meir plass i skulen, og ikkje minst har leiken noko verdifullt å
bidra med i norskfaget. I denne boka viser erfarne lærarar og
lærarutdannarar leikne arbeidsmåtar som fremmer motivasjon og
lærelyst i norskfaget i heile grunnskulen. Med konkrete døme frå
undervisingspraksis viser forfattarane korleis ein kan la leiken få
større plass i skulen, utan å gå på akkord med læringa. Del 1 gir
ei teoretisk ramme for leik i undervisinga. I del 2 blir lesaren
invitert med inn i ulike klasserom, der ein møter astronautar og
kvite mus, bygger steinalderbuplassar og stel ord og bokstavar. Boka
drøfter ei rekke gode arbeidsmåtar som på variert vis koplar leik
og kvalitetar ved leiken til norskfaget. Ho viser korleis ulike former
for leik kan bidra til at vi når måla som er sette for norskfaget
gjennom grunnskuleløpet – både læringsmål og danningsmål.
Målgruppa for boka er studentar i lærarutdanningane, lærarar,
skuleleiarar, lærarutdannarar og andre som er opptekne av leiken og
leikens plass i skulen og norskfaget. Om redaktørane Magnhild Selås
er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder og
professor II ved NLA Høgskolen. Tone Helene Skattør er
høgskolelektor i norsk ved NLA Høgskolen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245054873
Publisert
2025
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vigmostad & Bjørke AS
Språk
Product language
Annet
Format
Product format
Digital bok