I dagens helseteneste er det mange aktørar, instansar og organisatoriske nivå som må samhandla for å skapa gode og samanhengande helsetenester for pasientane. I dette komplekse landskapet treng sjukepleiarar kunnskap som sikrar at pasienten opplever kontinuitet og kvalitet. I boka viser forfattarane kor utfordrande samhandling med aktørar frå ulike kunnskapsfelt i ulike delar av helsetenesta kan vera, men også kva organisatoriske verkemiddel sjukepleiarar kan dra vekslar på i arbeidet sitt. Forfattarane gjer greie for kva fagleg ansvar sjukepleiarar har i ulike samhandlingskontekstar, og kva det organisatoriske arbeidet kan innebera meir konkret. Her står informasjonssystem, koordinering og organiseringsarbeid sentralt, og lesarane vert presenterte for verktøy som dei kan bruka i arbeidskvardagen. Sentrale spørsmål i framstillinga er kva kunnskap og kompetanse som skal til for å skapa gode og samanhengande helsetilbod til pasientane. Forfattarane brukar konkrete eksempel for å gjere stoffet relevant, og ei blanding av praktiske og reflekterande oppgåver er med på å aktivisere studentane. Ragnhild Hellesø er sjukepleiar og professor ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har vore opptatt av samhandling i helsetenesta frå klinisk erfaring og gjennom forskinga si. Ho har leia fleire store forskingsprosjekt om samhandling og digitalisering i helsetenesta. Randi Opheim er sjukepleiar og forskar ved Oslo universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn, Universitetet i Oslo. Ho har lang klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta med pasientopplæring og oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom og med klinisk helseforsking.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234003110
Publisert
2023-01-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
305 gr
Høyde
239 mm
Bredde
171 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
136