Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då hun må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader, vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag. Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen, rømmer dei frå staden. Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Ulrikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane opp til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det også ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar. Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe. Audun Stølås (72) bur i Indre Arna i Bergen. Han har i 34 år vore journalist og høgskulelektor. Dette er den 18. boka han gjev ut.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293138150
Publisert
2021-04-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fikenbladet.no
Høyde
190 mm
Bredde
125 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
146

Forfatter