I dette heftet tek vi deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette i kommuneadministrasjonen. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek opp mange typiske feil i offentleg nynorskskriv, i tillegg til: - holdningar til språk og språkbruk - særmerke på nynorsk offentleg språk - god nynorsk brevform, oppsett og rettskriving - ulike sjangrar i det offentlege - nynorsk ordval og ordlegging Heftet har også ei oppgåvesamling med døme frå offentleg språkbruk og ei ordliste med ord og uttrykk du ofte lurer på, i tillegg til stikkord over viktige tema i heftet. Til heftet finst det og ein diskett med om lag 50 døme på god offentleg nynorsk målbruk. Der finn du førelegg for protokoll, anbod, instruksar og mykje meir, som kan kopierast inn på ulike edb-system i kommunane. Kursheftet skal brukast som hjelpemiddel i kurs som LNK formidlar, men kan også nyttast som sjølvstendig lærebok. Kurset høver for tilsette i kommunar og fylkeskommunar med nynorsk administrasjonsmål, for alle andre tilsette i kommunar/fylkeskommunar som nyttar noko nynorsk, og for kontortilsette i regional og lokal statsforvaltning. Kursforfattar Jan Olav Fretland er norsk filolog og har lang erfaring som både kursforfattar og kurshaldar. Han har tidlegare m.a vore førsteamanuensis ved Sogndal lærarhøgskule og kultursjef i Lærdal kommune. For tida er han rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til færemål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg versksemd. Dette kursheftet er ein del av LNK sitt arbeid for å styrkje språkopplæringa i kommunar og fylke.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276740493
Publisert
1994
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
370 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Antall sider
102
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter