Anders Folkestad (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i engelsk frå universitetet i Bergen. Han har arbeidd som lektor ved Odda gymnas og Stranda vidaregåande skule. Folkestad har vore tillitsvald i ei årrekkje. Han var leiar i NUFO/ Lærarforbundet gjennom størstedelen av 1990-talet, og leiar i hovudorganisasjonen Unio (2001-2015). Torbjørn Ryssevik (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i historie frå universitetet i Bergen. Etter å ha arbeidd som lektor ved Stranda vidaregåande skule, var han tillitsvald i NUFO/ Lærarforbundet på fylkes- og sentralnivået frå 1980-talet og fram til 1999. Deretter arbeidde Ryssevik i sekretariatet i Lærarforbundet og i Utdanningsforbundet fram til 2020. I denne boka følgjer vi utviklinga i den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom 150 år. Lektorane og dei universitetsutdanna adjunktane er hovudpersonane, og det er deira perspektiv som dominerer. Reformer og skuleutvikling står sentralt i boka, men også stridar om faglege rettar, lønn og arbeidstid. Allereie frå 1920-talet «løyste» styresmaktene lektormangelen med å redusere på utdanningskrava. Dette er ein metode som stadig har vore brukt. Boka omtalar også lønnsstriden mellom KS og lærarane. Lektorane har gradvis kome i mindretal, også i dei allmenne retningane i den nye vidaregåande skulen. Universiteta har vore for lite opptekne av lektorutdanninga og må ta sin del av ansvaret for at mange unge ikkje er godt nok kvalifiserte for lange studium. Ein framtidsretta vidaregåande skule må ha fagsterke og myndige lektorar, som både vil og vågar å eksperimentere saman med elevane. Det gjeld ikkje minst i møte med den digitale kvardagen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230025321
Publisert
2023-05-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
516 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
271