I denne boka handsamar ei gruppe samfunnsvitarar pluss ein biolog, alle med tilknyting til NTNU, ulike sider ved mulig fangsting av dyreplanktonet raudåte (Calanus finmarchicus). Dette er den største enkeltressursen i norske farvatn på lågare trofisk nivå, det vil seie lenger ned i næringskjeda. Raudåte utgjer ein vesentlig del av dietten for dei mest verdifulle fiskeslaga våre. Raudåte representerer ei spennande, men også risikofylt utfordring for dei norske fiskeria i tida framover. Fangsting lenger ned i den marine næringskjeda kan opne for ei radikal omlegging av fiskerinæringa. Noreg er eit føregangsland når det gjeld forsking på raudåte, men hittil er det forbod mot fangst til kommersielle føremål. NTNU gjennomførte 2000-2005 eit stort strategisk universitetsprogram kalla Calanus som gjekk inn i kjernen av denne diskusjonen. Ein har sett på om eit berekraftig fiske på nivå lenger ned i næringskjeda er mulig. Boka er skrive for den norske offentligheita, både for lekfolk og for fagfolk som interesser seg for marine problemstillingar. Hovudsiktemålet er å sette dei tekniske og biologiske bidraga inn i ei samfunnsmessig ramme. Boka er samstundes formidling av den samfunnsfaglige delen av Calanus-programmet ved NTNU
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788251922814
Publisert
2008-12-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
160
Sjanger
Faglitteratur